Ei fiktiv kraft er ei tilsynelatande kraft som verkar på alle massar i referansesystem som ikkje er eit tregleikssystem, t.d. eit roterande referansesystem. Krafta F {\displaystyle F} oppstår ikkje på grunn av fysiske hendingar, men som følgje av akselerasjonen a {\displaystyle a} til eit ikkje-tregleikssystem. På grunn av Newton si andre lov F = m a {\displaystyle F=ma} , er fiktive krefter alltid proporsjonal til massen m {\displaystyle m} , som krafta verkar på.
Developed by StudentB